Rette vinklar

Det er knapt so eg vågar
skriva det:
eg likar rette vinklar
og beine linjer;
oppfattar nok at eg er i utakt
med mange
på det bytet,
krullar og bogar
har tak på mange forstandige
sjeler,
og ære vere dei for det,

det rettlinja skapar likevel
ro og orden for meg,
heng vel saman med
at eg likar å sjå
eit godt stykke
framom meg,
då må vegstrekkja
vera bein,
svingar og krokar
berre uskiplar,

det er so bra
at me er litt ulike,
når dei svingglade
har ørt i frå seg,
kan me rettvinkla
tilby lettvinn ferd
rett fram
utan opphald,
rett fram
og rett til sides.

Feil

Feilen i seg sjølv
er ikkje det verste,
det er det at ein gjer feil,
som svir,
det å vera so tankelaus
at ein ikkje dobbelsjekka,
at ein trudde det var rett,

ein skal ikkje tru at noko
er rett,
ein skal vita,
og kunnskap får ein
når ein sjekkar og kontrollerer,
helst ein gong meir
enn det trengst

so kan ein hengja seg ei
stund på floskelkroken
der det står at
det er menneskeleg
å gjera feil,
ei mager trøyst
når feilen gliser
mot ein med
funklande augo

neste gong ein gjer feil,
er det same runden,
lærdom om feil er
lett å gløyma.