Eg skriv

Eg skriv,
meir er det ikkje med det,
skildrar berre det eg ser og høyrer,
har dårleg utvikla fantasi,
tykkjer høgstemte adjektiv
er skumle

orda kjem stundom
altfor fort,
er difor lette
å stryka,
det vert mykje stryking

andre gonger sit orda
fast,
kan berre ana at
dei finst,
der inne på ein
ukjend stad

med alderen svinn
sjølvinnsikt og sjølvkritikk
orda overlever altfor ofte og
smett ut i nettheimen
på sjølvstyr

eg skriv
og det er det.

Soldagar i mai

Det slår aldri feil,
solrike maidagar lokkar fram
damer med hagestolar,
dei set seg på
hageflekken der nede,
kledde for solbad og med
andleta vende mot sola,
kaffikoppen i handa
og ein bunke blad
nede ved føtene,

eg ser dei gjennom vindauga,
høyrer ikkje eitt ord,
ser likevel dei pratar,
dei gestikulerer ivrig og
pratar med armar og hender

karar vandrar forbi,
stoppar stundom opp og
vekslar ord,
har aldri sett karar
koma med stolane sine,
dei berre vandrar vidare,
tilsynelatande målretta

fascinerande med slike soldagar
i mai
graset sprett opp
blomar sprett ut
og damer kjem stikkande
med hagestolane sine,
alt skjer berre fordi
sola velsignar oss
med fleire soltimar.

Stundom skal det ikkje meir til
enn litt sol.