Berre eg

PC-skjermen prøver å fanga
merksemda mi,
prøver å få meg til å fylla
det tome skjerm-arket med ord,
skriva noko meiningsfullt

lett å finna på mange andre gjeremål
enn å skriva noko på skjermen,
mykje interessant å lesa,
mykje å fundera over

det var enklare før,
når nokon venta
på formuleringar,
hadde sett eit tidspunkt,
no er det berre eg
som trur at eg vil
skriva noko

ingen merkar at
det ikkje kjem tekst
på den blanke skjermen,
berre eg,
og eg lever godt
med blank skjerm.

Idyll

Me har lett for å lika
idyll,
kanskje treng me det,
i alle fall
vil me det

det er so velgjerande å
ta inn over seg
slikt som stryk kjærleg
over ryggen,
som får hjarterøter
til å vibrera,
som fyller sjølvkjensla
med frisk luft

alt elende i Dagsrevyen
og andre stader
får venta,
fyrst skal idyllen
smørja tankar og kjensler
med ein dose velvære

elendet kan andre
ta seg av,
me trivst best
i idyllen.