Logoleiken har vorte populær, skal ein tru prosessane i fleire kulturinstitusjonar med å fornya logo og institusjonsnamn. Somme gonger kan det med litt velvilje vera råd å forstå grunnane til at ny logo og nytt namn må til. Andre gonger strekk ikkje vanleg fornuft til. Det ser ut til at ein del leiarar gjerne vil setja eigne bumerke på institusjonen den relativt korte tida dei er innom. Kanskje har dei eit fromt ynske om å skapa historie, ikkje berre forvalta og formidla. Og eigne, subjektive ynske er viktige i vår tid, må vita, ikkje minst for leiarar.
Nedanfor fylgjer eit fiktivt leiarmøte i ein ikkje-eksisterande institusjon. Møtet er konstruert på grunnlag av samtaler med fleire personar som har vore gjennom logoleiken. Slik sett kunne møtet ha vore halde i somme kulturinstitusjonar dei seinaste ti åra. Ikkje nett på denne måten, men med brokkar av innhald og argumentasjon frå det konstruerte møtet. – Køyr møte!
«Me må laga ny logo. Den gamle er utdatert. Mange som arbeider her, seier at dei er lut leie den logoen me har i dag. Eg forstår dei. Kanskje bør me også skifta institusjonsnamn. Både me og samfunnet har endra oss sterkt etter at namn og logo vart laga for svært mange år sidan.»
Administrerande direktør ser ut over leiargruppa. Med talande og overtydande armrørsler understrekar ho/han formuleringane. Ho/han legg sterkt trykk på hovudorda for å framheva substansen i det sagde.
«Ja, men,» prøver ei røyst seg. «Er det ikkje slik at logo og namn fyrst og fremst er til for omverda, ikkje for oss som arbeider her? Eg trudde at det attkjennande elementet er den viktigaste funksjonen for logo og institusjonsnamn?»
Det vert tagalt nokre sekund rundt møtebordet. Nokre i gruppa ser ned, fiklar litt med nettbretta som ligg på bordet, og som vitnar om ei teknologisk oppdatert leiargruppe. Administrerande trekkjer pusten. Alle rundt bordet ser at halspulsåra svell og bankar i aukande takt. Ein svak raudfarge breier seg over andletet til administrerande medan ho/han kremtar svakt før ho/han framfører ein bodskap med overlag kontrollert røyst:
«Du må forstå det at logo og namn skal fortelja om oss her og no. Det er kommunikasjonselement som skal forståast av moderne menneske. Dei har heilt andre referanserammer enn det som var då noverande logo og namn vart laga. Me må få noko som slår, som fortel om den unike kvaliteten me står for, og som står seg i kampen med alle andre former for kommunikasjon som me må konkurrera med. Me må tilpassa oss tida, verta meir like dei som lukkast med å framheva seg sjølve. Me må kort og godt modernisera oss!»
Røysta vert rolegare etter kvart som formuleringane flyt ut i leiarmøtet. Administrerande kjenner seg nøgd med at ho/han maktar å kontrollera irritasjonen sin, samstundes som ho/han kjenner ei glede over å vera såpass veltalande.
Protestanten vil likevel ikkje gje seg. Ho/han er fullt på det reine med at aksjekursen har falle mange hakk allereie, så det betyr ingen ting til eller frå om protesten vert utvikla.
«Kvar gong me føreslår å setja i gang eit arbeid for å kunna utvikla den faglege kvaliteten vår, seier du at me har ikkje pengar til slikt no. Det må koma seinare, seier du. Kvar skal me ta pengane frå til ny logo og institusjonsnamn? Eg reknar med at det ikkje er gratis å kjøpa tenester frå eksterne spesialistar for å laga ny logo og nytt institusjonsnamn, og så vidt eg hugsar, er det ikkje sett av pengar til dette i budsjettet.»
Protestanten fyrer av budsjettargumentet, slik ho/han har lært det frå fleire tidlegare leiarmøte, der forslag om ulike prosjekt har falle til jorda, gjennomhola av budsjettprosjektilet frå administrerande.
«Me har kort og godt ikkje råd til å la vera!» Svaret frå administrerande er kontant. «Alle prosjekt som enno ikkje er sette i gang, må utsetjast, og midlane skal finansiera eit nytt prosjekt for å utvikla ny logo og nytt institusjonsnamn. Dette er ikkje noko meir å diskutera. Eg har allereie hatt kontakt med eit uhyre kompetent byrå, som kan setja i gang på kort varsel.»
Administrerande går inn på kontoret for å ta kontakt med firmaet; protestanten går inn på Finn.no og leitar opp ledige stillingar. Logoleiken har fått eit nytt kapittel.