Det meste i livet er
kvardagar,
innhaldet
er mykje putl,
du veit, alt det umerkande
som fyller
kvardagane med
tankar, handlingar,
og litt meining,
det er undervurdert
alt putlet
me fyller dagane med,
når alt kjem til alt
er det putlet
som limer kvardagane
saman
til eit heilt liv.