Kontaktsøkjande

Det digitale livet vårt har gjort somme av oss kontaktsøkjande på ein ny måte. Eg har nett vore på eit triveleg familiebesøk. Ei stund etter at eg kom inn i huset og dei venlege helsingsrituala var gjennomførde, kjende eg korleis augo mine byrja å saumfara golv og veggjer for å sjå om eg kunne finna straumkontaktar som kunne vera tilgjengelege under besøket. Me digitaliserte versjonar av manneætta søkjer stendig etter straumkontaktar; telefonen skal ladast, det same skal nettbrettet. Høyreappaeatet treng straumkontakt, i alle fall om natta, og jammen må klokka òg ha tilførsel av straum innimellom for å fortelja om eigaren held tida, slik det er venta. Skal ein vera nokre dagar, treng ein kanskje straum til ein berbar pc òg. Søkjinga etter straumkontaktar i ukjende hus får ein til å tenkja at dei kanskje var litt sparsame med straumkontaktar på 1950- og 1960-talet. Men kven kunne på den tida tenkja seg at det skulle koma eit folkeslag som skulle verta so kontaktsøkjande etter straum?

Share