Mykje ståk på ein flimrande skjerm,
kjendisar flyt utover,
byr på seg sjølve,
endå innhald manglar.
Trekkjer meg inn i eit
anna rom,
finn meg ein halvmørk krok,
heilt kjendisfri krok.
På veggen heng eit foto
av besten min,
han møtte eg aldri.