Sytten månader med nystarta liv
stabbar rundt,
undrar seg, prøver ut, ser, høyrer –
og fattar
at livet er
her og no.
Sytten månader med pulserande liv
låner ut ljos frå
tindrande auger,
strekkjer fram
tillitsfulle tankar
til det levde livet.
Sytten månader med gryande liv
anar tilstrekkeleg
til å ha voner;
veit for lite
til å avstå frå
å vera medmenneske.