Grå-grøne grastustar
rører saktmodig på seg
i vinddraget,
kjenner seg villfarne
der dei saknar
det lune snjoteppet
som brukar å
gje livd,
slik midtvintersbel.
Enno mange kalenderdagar
til sol og vårdrag i lufta
smeikjer fram
kitlande liv
i støle strukturar.
Det krevst ekstra tolmod
i ein grå vinter.