«Gje meg ein h!»

«Gje meg ein h!» sa han far. Me sat på ungdomshuset Krossvoll på Lofthus og spelte til dans på ein bygdafest; han på hardingfele og eg på piano. Fela måtte stemmast att, og eg slo laus på h-en so far kunne høyra tonen gjennom omen av folk i godlag, ventande på ein ny danseslått.

«Gje meg ein h ein gong til!» sa han far, medan han streva med å få strengen til å sitja. «Helsikes vrang i kveld, den kvarten,» sa han far. Han likte ikkje å ha lange pausar mellom dansane når stemninga på dansegolvet var god.

«Gje meg ein h!» sa han far. Han hadde lært meg å basa til fela på piano. Enkelt var det, berre reine akkordar, ikkje eingong ein septim-akkord.

«Er det bra no?» spurde han far. Han strauk over strengen medan eg på nytt slo på h-en. Etter nokre kontrollerande drag over strengene kom det kort og konsist: «Me spelar ei polka», og sette i gang. Folket på golvet fylgde med, dei lét seg dra inn i ein drivande danserytme med skikkeleg dynt.

«Gje meg ein h!» sa han far og lærte meg at harding-lyden av gamaldans, runddans eller valsa-spel er hardingfeler i lag med piano.

2 kommentarer til “«Gje meg ein h!»

  1. Berit

    Nyttig lærdom for livet Såg du kompa i Kinsarvik og Kjekk festival Fekk nokre rundar op golvet med broderen. Flott festival Dyktige leiarar og flinke frivillige .

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *