So har det endeleg skjedd, ein stor og viktig museumsinstitusjon har lukkast i å verta kulisse for ei idrettshending. Endeleg kom det ein stor internasjonal fjernsynsproduksjon som ville bruka eit fint og særprega uteområde for eit idrettsarrangement, til og med VM i terrengsykling. Endeleg kunne det nasjonalt og internasjonalt kjende museumsrådet visast fram i all sin prakt, godt gøymt bak ein enorm flora av reklameplakatar og store ballongliknande reklameskulpturar. Museumshus og historiske bustadmiljø kan skimtast bak all reklamen.
Mange jublar og frydar seg over at endeleg er draumen oppfylt. No er institusjonen sett på kartet, som det heiter i jubelretorikken. Fjernsynsoverføringa til mange titals millionar mogelege sjåarar er verd store summar i reklameverdi, er ei anna formulering som skal overtyda dei nokre få kritiske og skeptiske røystene.
Det er berre ein hake med oppfatninga om at kulissefunksjon i eit fjernsynsprogram vil kunna få innverknad på besøkstala. Ingen har nokon gong kunna dokumentera eller godtgjera at slike kulissefunksjonar verkeleg har ein effekt for institusjonen i ettertid. Det heile er kort og godt tufta på eit inderleg og godtruande ynske om at det skal vera slik samanheng. Tenk litt over følgjande resonnement: Kven er det som ser på slike program? Jau, det er dei som er interesserte i sjølve idrettsutøvinga. Logikken skal difor vera at alle desse idrettsinteresserte kan tenkja seg å reisa til denne museumsarenaen for å sjå kva som gøymde seg bak reklameplakatane på fjernsynssendinga. Fantasifullt? Definitivt. Godtruande? Det også.
Det heile er eit nytt vitnemål om ei naivistisk reklame-ørske som er i ferd med å gjennomsyra det som skulle vera fagleg forankra strategitankar i ein oppegåande museumsinstitusjon. Me ser ein tendens til at museum er kulisser for arrangement som dette. Det er ei form for «eventisme», der det historiske kjeldematerialet, kunnskapsgrunnlaget og den kulturhistoriske formidlinga skal brukast som rekvisittar i teatralske «events». Det gjeld å lokka folk til museum på falske premissar. Problemet er at i denne framveksande «eventismen» er det mindre og mindre plass for å utvikla det museumsfaglege innhaldet. I «eventismen» er kulturhistorisk innsikt og kunnskap ein konstant og stabil storleik som berre er der. Ressursane må setjast inn for å styrkja marknadsføring og nye event-opplegg. Sluttresultatet vil verta at museum berre vert kulisser, meir og meir på linje med film- og teaterkulisser. Enno er det eit stykke dit. Det er å vona at nokon oppegåande personar vil ruska opp i denne «eventismen», som snik seg fram som ein brunsnigel i museumslandskapet. Det er å vona at det er vilje, og ikkje minst evne, til å styrkja museum som arena for kunnskapsutvikling og opplevingar som er tufta på reell fagkunnskap, ikkje på våte draumar om å få nokre minutt i fjernsynsruta.