Dei 349 andre

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er det gjennomsnittleg ca. 350 bryllaup kvar veke i dette landet. Denne helga er det ca. 349 bryllaup me ikkje får vita noko om, og det er det mest positive desse dagane. Bryllaup høyrer først og fremst til i den private familiesfæren. Det eine bryllaupet som bombarderer oss desse dagane, avslører kor sjukleg opptekne me er av å halda ved like sosial og økonomisk ulikskap. Den halslause interessa for fjaset i det øvre kjendiseriet, fortel oss at når me snakkar om likskap i dette landet, trur me ikkje på det. Det er berre teoretiske verbaløvingar i politiske middagstaler. I grunnen vil me gjerne ha eit sterkt og synleg hierarki, der me kan dyrka ei svimlande kjensle av at det finst nokre få som er sterkt ulike og annleis enn oss, både økonomisk og sosialt. Denne helga fortener dei ca. 350 brurepara lukke til på ferda, spesielt dei 349 andre. Og so kan nokre av oss fylla argumentlageret med ny ammunisjon: monarki høvde kanskje i mellomalderen, men er upassande i det 21. hundreåret.

Share