Dagsrevy-svevn

Utan forståeleg grunn
vaknar eg med eit rykk,
rekk så vidt vêrmeldinga
etter at nyheitene på
Dagsrevyen
har vorte filtrerte bort
gjennom eit sovande medvit;
like uventa kvar gong,
når augo sig saman
til lyden frå Erna, Høye, Trump
og Bjurstrøm,
eigentleg synd og skam
at eg skal møta seriøst arbeid
med svevnlydar,
spesielt når meininga er
å syga til seg ny
informasjon, og om ein er heldig,
meir kunnskap;
men so skjer det oftare enn
eg likar,
svevnen tek kontroll,
ny kunnskap stoppar utanfor
medvitsdøra,
må nok lita på
NRK-arkivet for å sjå
Dagsrevyen i vaken tilstand.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *