Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Avslutta abonnement

Det er eit nedteljingsteikn
når ein bestemmer seg for å
avslutta eit abonnement;
der ein tidlegare saumfor
nye utgåver på jakt etter
nye tankar og idear,
nøyer ein seg no med å konstatera
at slike tankar også vart tenkte
for nokre tiår sidan,
tankar i ringdans
har sjeldan fått verda til
å gå framover;
tankar om det som ein gong var,
har heller ikkje mykje framtid
over seg,
før eller seinare
stoppar alle abonnement
av seg sjølve.

Skråsikre meiningar

Kunnskapsløyse er ei trugen kjelde
til skråsikre meiningar,
fakta er noko herk
i så måte,
svart-kvite førestillingar
er det beste verktøyet for
å retta opp i det som
er rangt og skakt,
nedrakking av personar me
er usamde med,
den beste måten
å overtyda omverda om
at me forvaltar
visdom og sanning,
slik sjanglar me oss fram
fylte av skråsikre sanningar

ute i den verkelege verda
syg humla nektar
frå den fargerike blomen.