I går kveld var eg knipen med
rullegardina,
på morgonen strøymde
ei kraftig solstrime
inn i soverommet
under rullegardina,
i grunnen greitt
med ei slik påminning,
når du er knipen med
rullegardina,
slepp det ekstra ljos
inn i kvardagen.
Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt
På forskot
Alt i april har du og eg brukt opp
vår del av dei ressursane
jorda årleg har å tilby oss,
frå og med midten av april
forbrukar me på
forskot,
av ressursar som
etterkomarane treng
for å leva berekraftig,
skamlaust breier me
oss i forbruket,
meiner kanskje me fortener
å leva betre enn
dei fleste andre
me deler kloden med,
slett ikkje kjekt
å tenkja på,
der me klagar på vêret,
straumprisar, matvarer og
dårleg vegstandard på Vestlandet,
me likar helst å gløyma at
det trengst i grunnen over tre jordklodar
for å leva på den måten
me gjer,
slik får me dagane til å gå,
om ikkje framover,
so i alle fall
i rørsle.
På klårvêrs-netter kan me
enno sjå månen.