Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Sovehjarta

Det er ei gåve
å kunna sova når som helst
og kvar som helst,
men berre for deg,
ikkje for omverda,
godt sovehjarta
er ikkje noko dokteren finn,
det berre er der,
trur aldri nokon har sett opp
godt sovehjarta
på CV-en,
kanskje er godt sovehjarta
uttrykk for høgt utvikla evne til å leva
i augneblinken,
frikopla frå alt som måtte vera
rundt deg

det er so mange rare tankar
ein må sova på
utan at ein når til botnar
i tankane.

Gulnande bjørkelauv i august

På bjørka lyser eit gulnande lauv
tidleg i august,
førebels er det åleine på treet,
noko for seg sjølv,
rundt det struttar dei grøne,
friske lauva,
dei blafrar lette og ledige
i ein svak seinsommarbris,
åleinelauvet strevar med å
halda seg fast på greina,
kjenner korleis festet
losnar,
veit med seg sjølv at
om ikkje lenge
vil eit vindpust føra det av garde
gjennom treet
ned på grasbakken,
veit at når tida er inne,
vil alle dei frodige grønlauva
finna gulfargen og
slå fylgje ned på grasbakken,
det er berre eit spørsmål
om tid,
alltid eit spørsmål
om tid.