Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Kvar vart det av den timen

Kvar vart det av den timen
eg fekk i natt?
Eg sov
som vanleg
og merka ingenting,
også som vanleg.
Merkeleg med alle desse timane
som kjem og går,
dei fleste
umerkande,
ufatteleg mange
sovande,
likefullt tikkar timane i veg,
mange av dei
hengjer me planar på,
somme av dei
fester me minne på,
dei fleste surrar berre i veg
medan me heng etter
på slep.
Timane var der,
timane er der,
førebels vil det enno
koma timar,
ser det ut til.

Haustlukke

Det er haustlukke
å stilla seg med ryggen
mot ein nyfyra omn,
ana lyden av ved
som brenn med roleg
loge,
kjenna varmen breia seg
oppover ryggtavla
slik at skrotten trur
han er ledig og mjuk,

etter ei stund kan ein
finna godstolen,
drukna augo
i logane som smeikjande
fortærer vedkubbane,
varm i ryggen,
oppslukt av elden
trekkjer ein pusten
og prisar hausten
som på ny
gjev ryggtavla høve til
å kjenna på haustlukkevarmen
frå ein vedomn.