Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Snikk-snakk

So skulle tekst nr. 501
vera om det som mange av oss
omgjev seg med
kvar dag:
snikk-snakk,
ordskrøyv som fyller luftrommet mellom
oss med inkjeseiande og
velformulerte ord,
dei smyg inn i øyregangane,
fyller synsfeltet,
før snikk-snakket hamnar
der det høyrer heime:
på bosberget for
tomprat,
på ei lita glenne
langt inne i skogen
sit ei vis kvinne,
ho smir ord,
ikkje i store mengder,
det held med nokre få
når sanningar skal
seiast.

 

Ein benk langs vegen

Ein benk dukkar opp
langs vegen eg går på,
står der inviterande,
meir som ein gamal ven,
og nærast nøyer ein
vandrande skrott
å setja seg nedpå,
rart korleis tankane
smyg lettare rundt i hausen
når ein sit,
sitjande på ein benk
langs vegen
kan ein få
det for seg at
altor mange strenar i veg
utan å ta seg tid
til setja seg på
benker langs vegen,
som om tankar på ein benk
langs vegen
skulle vera fårlege.