Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Haustmånader

Oktober og november,
mange mislikar dei to
månadene,
berre me haustfigurane
finn oss til rette,
nyt at naturen går
i dvale,
nett slik me
vil ha det,
på det jamne,
utan for mykje ståk og styr,
trygt planta
i haustlege livsmånader
kjenner me oss heime
i oktober og november.
Og snart kjem
desember.

Han Jon

Omsider fann den halsande medieverda
han Jon,
på ein stad dei knapt visste
fanst,
på Frekhaug,
– korleis skal du feira?
spørsmålet kom med funklande
champagnedropar i
tonefallet,
– heime med familien,
det vert nok ein god middag,
slik svarar
ein Nobel-forfattar,
oppvaksen straks ovanfor fjøresteinane
i ein vestlandsfjord.