Eg er nok ingen drøymar
korkje i vaken eller
sovande tilstand,
eg ser
det eg ser,
høyrer det eg må
meiner det eg bør
draumar er til
for dei andre.
Eg er nok ingen drøymar
korkje i vaken eller
sovande tilstand,
eg ser
det eg ser,
høyrer det eg må
meiner det eg bør
draumar er til
for dei andre.
Under den tjukke snjodyna
anar eg ein stein,
ja, eg veit det er
ein stein,
har site på steinen
mang ein gong,
god å kvila på,
god å tenkja på,
godt å sitja der
og sjå utover landskapet
og inn i seg sjølv
no er steinen gøymd,
ventar på at sol og regn
skal viska vekk
den reine, kvite snjodyna,
og den grå, ruglete steinen
skal på ny
byda seg fram som
festepunkt for eit
kvilande og grublande
menneske.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.