Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Kva gjer dei nett no?

Tenkjer av og til på
kva dei gjer nett no,
dei mange personane eg har møtt
opp gjennom åra,
nett no,
når eg skriv desse linjene

møtepunkta var felles yrke
og oppgåver,
både i utland og innland,
me møttest i periferien
av kvarandre
snakka saman, drøfta,
var samde om mykje,
usamde om somt,
vegane skildest,
for så å møtast att
innimellom,

kva gjer dei no,
desse menneska,
nett no
når du les
desse linjene?

får aldri vita,
men veit at personane
finst der ute,
at dei gjer noko
nett no,
når eg set eit punktum
i teksten.

Eg solar meg best i skuggen

Eg solar meg best
i skuggen,
då kan eg ta til meg
frisk luft,
behageleg temperatur,
frisk solgangsbris
utan å verta skamfaren
av heite solstrålar,
og so kan eg ovundra
solgladiatorane som
kan la seg omfamna
av all krafta som
sola sender mot denne
jordkloden,

sola skil ikkje mellom
dei sarte og
dei sterke.