Kategoriarkiv: Hardanger-minne

Kunsten å venta

Her om dagen vart eg mint om ei hending frå barneåra, truleg i 1956 eller 1957. Det var i alle fall på den tida då me henta mjølk i spann på Handelslaget på Lofthus. Påskeaftan var det ope nokre timar på dagtid, og då kunne me få kjøpa mjølk. Eg trur far var innom kontoret sitt (Trygdekassen) den dagen. I alle fall skulle eg henta mjølka, og so skulle eg koma oppom til han før me gjekk heim. Eg stilte meg opp i ein litt uryddig kø og venta på min tur. Eg hadde lært at eg skulle ikkje trengja meg fram, men venta til nokon bak disken spurde kva eg skulle ha. No var eg ikkje so store karen, nådde vel so vidt over disken med hovudet. Eg såg på butikkjentene bak disken som sprang frå den eine vaksne til den andre. Kvar gong eg trudde at nokon bak disken såg meg, kom det ein vaksen og tok merksemda frå butikkjenta.

Eg stod og stod og vart nok litt motlaus etter kvart. Far hadde funne ut at denne mjølkehentinga tok vel lang tid. Han kom inn døra på Handelslaget og såg meg stå med spannet i handa, sjåande med bedande augo mot travle butikkjenter. «Står du her enno?» spurde han med ein liten smil om munnen. Han oppfatta situasjonen kjapt, og saman gjekk me nærare disken og fekk den mjølka me skulle ha.

Far sa ikkje noko spesielt, men eg forstod at denne gongen hadde eg vore i overkant tolmodig. Tolmod kan vera ei dygd, so lenge det ikkje trugar med å gjera deg mjølkelaus ein påskeaftan.

Grannaveitla

Ei av dei fyrste festsamkomene eg fekk vera med på, – utanom jonsokbryllaupa, som me ungane stod for – var ei grannaveitle, truleg i 1957 eller 1958. Kring kyndelsmess-leitet (2. februar) hadde grenda frå Ernes til og med Lofthus-garden – eit gamalt bedarlag* – granneveitle på Hotel Ullensvang. Eg meiner å minnast at dette hende nokre år etter kvarandre. I alle fall, kvar familie leverte inn mat slik at det vart eit godt måltid med røykjekjøt og god drikke, sikkert også med kaker og kaffi litt utpå kvelden. Når eg hugsar dette, er det fordi på sundagen var det «snå-veitla» (etterpålag) på hotellet, og då fekk me ungane vera med. Det var servering av mat og kaffi, og so var det litt dans der me ungane fekk vera med. Det hugsar eg best. Ekstra stas var det at far spelte til dansen.

Det var eit fyrste møte med vaksenlivet, der me såg vaksne, som elles var sindige foreldre i kvardagen, ha det moro i lag og slå seg laus på fest. Eg hugsar det gjorde sterkt inntrykk å sjå og høyra ein av dei eldre gardbrukarane sitja sovande i ein stor skinnstol i baren på hotellet. Inntak av skjenk kombinert med lite svevn, kravde vel sitt, og skinnstolen var nok ein høveleg kvilestad. Plutseleg raut han til so me ungane skvatt. Han kom seg ikkje opp av stolen, og etter ei tid gjekk han inn i svevnriket att.

At denne eldre karen hade drukke for mykje og var full so langt utpå sundagen, var litt morosamt, men samstundes ørlite skamfullt. Det vart ikkje sagt, men eg kunne sansa kva dei andre vaksne meinte om ferdalaget. No visste me ungane vel om at folk kunne drikka seg fulle. So lenge dei var «på ein lette», dvs. i godt humør, kunne det vera greitt. Skamma kom derimot sigande når folk vart ustøe i gonga og begynte å vera ufine og bråkete.

Sjølve konseptet med grannaveitle opplevde me som svært positivt, dette at folk i grenda samarbeidde om å laga ein fest saman. Når me ungane kvar sommar laga til jonsokbryllaup over to dagar, hadde me grenda og bedarlaget som utgangspunkt. Det var ein god skule i å læra at fellesskapsløysingar er nyttige, også i festsamanhengar. Skikken med at grenda er utgangspunkt for slike festsamlingar, er nok mykje godt borte i bygdene i dag. No er det organisasjonslivet, med idrettslag, ungdomslag o.a., som er fellesnemnaren og utgangspunktet for slike festsamkomer, i den monn dei eksisterer. Det viktige er likevel at fellesskapsløysingar vert haldne i hevd.

*Bedarlag = krins, grend der dei bed kvarandre i visse slag gjestebod.