Kategoriarkiv: Fag-tekstar

Landskappleiken 1984 i Odda

Landskappleiken er det største, årlege arrangementet i og for folkemusikkrørsla. I 1984 var tevlingane i Odda, og då gjorde Hardanger folkemuseum ei intervju-undersøking med 128 personar. Ulike grunnar gjorde at materialet fyrst har vorte analysert no. Det er den einaste intervju-undersøkinga som har vore gjort om Landskappleiken, så vidt eg veit. Artikkelen er å lesa i Folkemusikk nr. 2 2023. I tillegg kan han lesast og lastast ned her.

Lk 1984

Glimt frå folkedanshistoria i Noreg

I 2023 markerer folkemusikkrørsla og FolkOrg  at det er 100 år sidan Landslaget for spelemenn (no FolkOrg) vart etablert. I samband med eit arbeid om filming av folkedans i Hardanger sommaren 1967 har eg sett nærmare på korleis folkedans er omtalt m.a. i aviser på 1800-talet. Resultatet er ein artikkel med omtale av og tilvising til kjelder som viser litt av grunnlaget for det organiserte arbeidet med folkemusikk og folkedans utover på 1900-talet. I artikkelen kan du lesa at:

  • så tidleg som i 1843 var det framsyning av norsk folkedans i Stockholm i regi av den norske statsministeren
  • frå 1860-talet kunne halling og springar vera del av programmet i sirkus og varietéteater
  • på Vasetdansen i 1885 vart det halde tevling i springdans og halling med pengepremiar innsamla av gjester på Sanderstølen
  • på nokre danseskular var det kurs i springdans frå 1860-talet og utover
  • Vestmannalaget heldt det fyrste kurset i springdans i 1899
  • dei regionale danse-nemningane telespringar, valdresspringar, vestlandsspringar osv. kom fyrst i bruk frå 1908 og utover.

Artikkelen kan du lesa og lasta ned ved å trykkja på lenkja nedanfor:

artikkel formatert-3