Forfatterarkiv: Magne Velure

Feil

Feilen i seg sjølv
er ikkje det verste,
det er det at ein gjer feil,
som svir,
det å vera so tankelaus
at ein ikkje dobbelsjekka,
at ein trudde det var rett,

ein skal ikkje tru at noko
er rett,
ein skal vita,
og kunnskap får ein
når ein sjekkar og kontrollerer,
helst ein gong meir
enn det trengst

so kan ein hengja seg ei
stund på floskelkroken
der det står at
det er menneskeleg
å gjera feil,
ei mager trøyst
når feilen gliser
mot ein med
funklande augo

neste gong ein gjer feil,
er det same runden,
lærdom om feil er
lett å gløyma.

Berre ein ‘r’

Det er so spennande med bokstavar,
éin kan vera nok til
å skapa heilt ny meining.

Ta berre ‘influensa’,
me kjenner etter kvar morgon
om me har symptom,
me prøver å unngå influensa,
vaksinerer oss og
styrer på.

Set ein ‘r’ på slutten
av ‘influensa’,
og me får nemning på
ei heilt ny yrkesgruppe,
personar som gjer nesten
ingenting,
men tenar pengar på det.

Eg er for gamal til å kjenna
nokon influensar,
ikkje for det,
eg har møtt folk som tenar pengar
utan gjera so mykje,
men dei har aldri influert meg.

Livet er i grunnen heilt greitt
utan ‘r’-en i ‘influensa’.