To hender søkjer etter
kvarandre
vårmorgonen er tidleg og
stille
hender finn kvarandre
ordlaust trykkjer dei
god morgon
i bjørka kvitrar fuglar
ein vårsong,
dei kvitrar til
kvarandre.
Forfatterarkiv: Magne Velure
Til botnar
Når eg fyrst skulle gjennom
ei sluse,
måtte det sjølvsagt vera
for å gå til botnar.
Andre må få oppleva
å stiga til uante
høgder.