Forfatterarkiv: Magne Velure

Regnjakkehetta

Det er som å vera i
eit eige univers
når regndropane trommar
på regnjakkehetta,
du høyrer kjappe, skarpe smell,
dropane vil inn,
vil væta deg,
la deg kjenna korleis
vatn kan gjera hår og klede
til klengjande, klissvåte
skal,

kan bruka regnjakkehetta
utan regn,
når ein vil stengja ute
augnekontakt med andre,
når ein vil dyrka den anonyme
einsemda,
krulla seg inn
i seg sjølv,
leitande etter kjernen
i sjølv-lauken

med eller utan regn,
regnjakkehetta
stengjer ute det
me ikkje vil ha inn.

Fivreld på murstein

Foto: Benjamin Gimmel

Rett utanfor vindauget
festar eit fivreld seg
på fuga mellom to
mursteinar,
fuga er opplyst
av sola,
ser kanskje ut som
ein blom,
fivreldet vert sitjande
ei stund,
det er i alle fall varme
i solstrålane,
flyg av garde
etter ei lita stund,
skjønar nok
at alt som er opplyst
av varme solstrålar,
ikkje alltid
gjev næring for
framtida.