Å snu steinar

Mange er opptekne med å
snu steinar,
heile året snur folk steinar
no for tida;
i min barndom snudde me
steinar sommarhalvåret,
me trong makk til å fanga
fisk med makk og ongel,
steinsnuarane i våre dagar
seier lite om kva dei finn under
steinane,
men alvorlege ser dei ut,
kan henda finn dei
dårleg makk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *