Når ein straks før ein legg seg
om kvelden,
kjem på
at det årstalet ein skreiv
for litt sidan,
ikkje kan vera rett,
då kjem det over ein
at jammen putrar det litt enno
i dei små grå;
svevnen gjer ekstra godt
slike stunder,
og morgonen kjennest
lettare.
Det putrar litt enno
Legg igjen en kommentar