Snjogrensa

Ser snjogrensa krypa nedover lia,
kjenner på skrotten
korleis utetemperaturen
fylgjer etter,
får ei kjensle av å
koma nær naturen,
å gå inn i ein kjøleg del av
livet,
ventar på å verta innhenta
av snjogrensa,
å verta eitt
med dette kalde
kvite teppet
som kjøler og
gjev ly
på same tid.