Morgondagen

Mange har tenkt og
skrive
klokt og vist
om alt som bør ordnast
her og no
og ikkje i morgon,
oppvasken, dusjkabinettet
klevasken, stovegolvet
vindaugo,
lista kan vera lang som
eit vondt år,
likefullt legg eg meg
kvar kveld
med ein vag tanke om
at det kjem ein morgondag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *