Han kjenner det på seg
den siste amaryllisen
på trettandagen,
no er tida inne
til å leggja
krunblada saman,
sleppa taket,
takka for seg og
tenkja på at om knapt
eitt år kjem
ein ny slektning
til å gle nokon
med bjarte fargar
i ei stove som
på nytt feirar
solsnu og
jol i heimen.
Amaryllis på trettandagen
Legg igjen en kommentar