Kveldsstund med besten

– «Besten skal sitja der,
på sengekanten.»
Barnesmilen strekkjer seg
varmt overtalande
mot den vaksne.
Ein lang dag
tyngjer augneloka,
smilen svinn bort,
svevnen omfamnar
den vesle, vevre kroppen
med varsame rykkingar.
Besten sit på sengekanten,
besten er
der.

 

Én kommentar til “Kveldsstund med besten

  1. Gerd Opedal

    Fin tekst dette. Kanskje særleg for meg som hugsar korleis det var å ha besten på sengekanten kvar einaste kveld gjennom heile barndommen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *