So lite og so kort,
dette ordet ‘og’;
dukkar ofte opp
når me talar og skriv,
smyg seg inn
mellom andre ord,
som fugemasse
mellom ordsteinar,
byggjer opp,
set livsteksten i rørsle
mot noko som
kan koma,
kan verta,
kan henda,
dette vesle ordet
som bind saman
deg og meg.
Og
Legg igjen en kommentar