Eit tent talgljos
sender små eldstrålar
inn i kveldsskumringa,
leikar med
merksemda hjå dei
som kviler augo
på den vesle logen,
varmar småfrosne
tankar,
smeikjer vibrerande
kjensler,
blafrar voner inn i
framtida
eit lite talgljos
i det store
mørkeret.