Draumen om
å høyra dei
usagde orda
gjev famlande forsikring
når uvissa rår,
formar stadfestande bodskap
når forvirringa trugar,
sender bølgjer av voner,
men alltid følgde av eit
«kanskje».
Best er usagde ord
når dei vert sagde
før nokon oppdagar
at dei er
usagde.
Usagde ord
Legg igjen en kommentar