Gjennomsnittleg og utan å bryta lova

Det er budsjett-tid i kommunane. Administrasjonen sit med blodraude tal fordi behov og ynske overstig dei økonomiske rammene som står til disposisjon. Ordren er enkel, men vanskeleg: budsjettforslaget for neste år skal vera i balanse, helst med eit overskot som kan sikra at kommunen har avsetningar å tæra på når tidene vert endå vanskelegare. Ekstra utfordrande vert det når det inneverande året ser ut til å gå i minus.

Situasjonen har vore slik i fleire år, rettnok med ulik tyngd. Slik sett er det ikkje noko nytt. Me som står på utsida, som er brukarar av kommunale tenester, eller berre innbyggjarar, prøver å forstå den kommunale tenkinga, i den monn det er mogeleg å førestella seg at kommunane tenkjer. Svært mykje av det kommunane skal utføra, er dei pålagde å gjera i medhald av lover. Slik sett er det avgrensa fridom til å skalta og valta med ressursane. Stundom kan ein få inntrykk av at i iveren etter å halda budsjettrammer snik det seg inn ein tankegang, som ikkje alltid er tillitsvekkjande. Ingen seier det direkte, i alle fall ikkje offentleg, og mange kommunetilsette og politikarar vil sikkert verta fornærma, dersom dei skulle koma til å lesa det eg skriv her. Likevel, eg får stundom ei sterk kjensle av at somme budsjettmakarar tenkjer som så: kor mykje kan me redusera tenestene utan samstundes å bryta lova? Lovbrot vil ein sjølvsagt unngå, for då kjem fylkesmannen, og i verste fall endar kommunen i rettsapparatet med erstatningsansvar. Og slikt vert det ikkje meir ressursar av, snarare tvert i mot.

Denne måten å tenkja på er forståeleg, men likevel farleg fordi perspektivet på å utforma og yta tenester vert heilt feil. I staden for å ta utgangspunkt i kva som kan vera best for innbyggjarane med fornuftig ressursbruk innanfor gjevne rammer, sirklar tankane rundt den kasserarøkonomiske, sjølvsentrerte tanken på kor lite kommunen kan klara seg med å gjera, utan å bryta lova.

Somme gonger vert dette nærsynte økonomisynet kombinert med førestellinga om at det gjennomsnittlege må vera målet for tenesteyting. Det statistiske dyret som heiter KOSTRA, sender kvart år i juni månad ut dei kommunale eksamensresultata, der alle kommunane kan sjå korleis dei bruker dei økonomiske ressursane sine. På rådmannskontora er det hektisk aktivitet for å samanlikna med andre kommunar i den kommunegruppa dei høyrer til. Oftare og oftare kjem kommunale administrasjonar med meldingar om at dei bruker så og så mykje meir enn gjennomsnittet; av og til også at dei bruker mindre enn gjennomsnittet. Ingen diskuterer om gjennomsnittet fortel noko om tenestene er gode eller dårlege. Det kan verka som om gjennomsnitt utan vidare er den verdinorma ein kvar kommune skal søkja å nå, utan at det nokon gong har vore ført ein diskusjon om kva gjennomsnittet eigenleg fortel om kvalitet.

Snart får me i somme kommunar presentert resultatet av kva dei meiner dei kan klara seg med å gjera, utan å bryta lova. Samstundes vil gjennomsnittet blinka som det høgaste målet for kommunal verksemd. Så får me prøva å la vera å tenkja på at ‘gjennomsnittleg’ også kan tyda ‘middels’ eller til og med ‘middelmåtig’. Fri og bevare meg vel for slike formastelege tankar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *