Haustlauv

Dei blafrar så lett,
desse fargerike
haustlauva;
deler fargespel
med den som
ensar.

Dei fell til slutt,
desse fargerike
haustlauva;
svevar fjonlette
ei kort stund.

Dei legg seg som fjører,
desse fargerike
haustlauva;
finn seg ei seng
på doggvåt mark.

Dei seier ingen ting,
desse fargerike
haustlauva;
dei berre er, svevar og fell,
vert omforma til jord.

Dei har ei von,
desse fargerike
haustlauva:
det må koma ein vår
med sevje, knoppar
og eit liv i grønt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *