Bokstavleg tala
flyt eg vidare
i livet,
på Donau,
denne europeiske dronningelva,
saman med andre eksemplar
i gull-lotto generasjonen
vert eg frakta rundt
i europeisk historie.
Røyster hevdar me fortener
å leva livet i
sutelaust velvære,
flytande på livselva;
måtte dei ha rett.